I denne travle juletid blir det rett og slett eit kort blogginnlegg frå meg, slik at du blir fort ferdig med å lese Dagens tips kjem frå det mest krevjande medlem av familien, nemleg katten. Akkurat nå ligg katten vår, Sussi, så lang ho er, og nyter det å gjere ingenting. Ho strekker seg, maler og tenker nok svært lite på ting som jul, vask og gåvehandel. Vi andre derimot har kanskje ein tendens til å kvile litt for lite nå i desember, og spring rundt med alle slags gjeremål, og når vi ikkje spring, bruker vi kanskje energien vår på å tenke på alt vi skulle ha gjort. Men det hjelper jo ingen, eller? Da bruker vi utrulig mye energi på noko som gir svært lite tilbake. Så her er dagens tips frå pus:
Her i
huset er vi ganske så på etterskudd, og har att både vask, handling, baking og
pynting. Men eg har lyst til å la vask vere vask, og har difor bedd inn til
juleverkstad på fredag. Ungane vart kjempeglade, og det er jo viktigare!? Og glade og lykkelige ungar gir skikkelig energiboost til julestressa foreldre!
Kos deg
med juleforberedelser, hugs å ta ein pust i bakken og gi litt omtanke til deg
sjølv og andre.
Nyt jula! Vi snakkast igjen i 2014!
Nyt jula! Vi snakkast igjen i 2014!
God Jul!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar