torsdag 12. desember 2013

Gjer som pus!


I denne travle juletid blir det rett og slett eit kort blogginnlegg frå meg, slik at du blir fort ferdig med å lese  wink  Dagens tips kjem frå det mest krevjande medlem av familien, nemleg katten. Akkurat nå ligg katten vår, Sussi, så lang ho er, og nyter det å gjere ingenting. Ho strekker seg, maler og tenker nok svært lite på ting som jul, vask og gåvehandel. Vi andre derimot har kanskje ein tendens til å kvile litt for lite nå i desember, og spring rundt med alle slags gjeremål, og når vi ikkje spring, bruker vi kanskje energien vår på å tenke på alt vi skulle ha gjort. Men det hjelper jo ingen, eller? Da bruker vi utrulig mye energi på noko som gir svært lite tilbake. Så her er dagens tips frå pus:

Gjer som pus! Ta deg nokre minutt i kvardagen, ro ned, pust ut, tenk på gode ting du har i deg og rundt deg. Tøm hovudet for "må" og "burde" og "skulle ha", og la stress vike for tankar som gjer deg godt. Drøm deg litt bort og fyll på energilageret razz


Her i huset er vi ganske så på etterskudd, og har att både vask, handling, baking og pynting. Men eg har lyst til å la vask vere vask, og har difor bedd inn til juleverkstad på fredag. Ungane vart kjempeglade, og det er jo viktigare!? Og glade og lykkelige ungar gir skikkelig energiboost til julestressa foreldre!

Kos deg med juleforberedelser, hugs å ta ein pust i bakken og gi litt omtanke til deg sjølv og andre. 

Nyt jula! Vi snakkast igjen i 2014!


God Jul!